Pengekrise for Varda Care
Eigarane må velje mellom oppbod eller å skyte inn meir pengar.
Varda Care i Ålesund er spunne ut av velferdsteknologisatsinga til Helland Møbler i Stordal, og leverer sensorar som kan varsle om helsetilstanden til brukarane, og om brukarane treng hjelp frå pleiarar eller pårørande.
No har selskapet sendt ut eit brev til eigarane om at selskapet er avhengig av ny eigenkapital frå eksisterande aksjonærar, om ikkje vil ikkje selskapet kunne driftast vidare etter sommaren 2024, skriv Sunnmørsposten.
Selskapet har arbeidd med å hente inn nye eigenkapital i lengre tid og har tidlegare henta eigenkapital i to omgangar.
I 2022 henta Varda Care inn 8,6 millionar gjennom Folkeinvest. Der var minstemåle for kapitalutvidinga åtte millionar.
I 2020 henta selskapet 4,9 millionar kroner gjennom Dealflow. Det opphavlege målet var mellom åtte og ti millionar kroner.
Publisert: 23.05.2024 16:23
Sist oppdatert: 23.05.2024 16:31