1ffeed90 bec0 4804 b786 e3ecf59dc514 Varda Care 3 B7 A0755 859d8f71e51cdcc79197ecd3648d156c
KAPITALUTVIDING: Dagleg leier Diana Myrstad Meldal og grunnleggar, styremedlem og medeigar Joakim Helland arbeider med ei ny kapitalutviding i selskapet. Foto: Varda Care
Nytt

Treng meir pengar

"Svært beskjeden" inntekt for helseteknologiselskapet Varda Care i fjor.

22.03.2024

Styreleier Johannes Arve Aspehaug seier målet er å ha gjennomført kapitalutvidinga i løpet av første halvår. Selskapet arbeider med korleis kapitalutviding skal gjerast og kor stor den kan vere. Det er ikkje avgjort enno, ifølgje Aspehaug, og han kan heller ikkje tidfeste når det blir avgjort.

Til Finansavisen, som skreiv om dei nye emisjonsplanane først, seier Aspehaug at selskapet nok har undervurdert kor mykje som krevst for å lukkast med å ta ei nytt medisinsk produkt ut i marknaden.

Til NettNo seier han at omsetning i 2023 var "svært beskjeden". I 2022 var inntektene 3000 kroner og resultatet før skatt minus 5,4 millionar kroner.

Spunne ut av Helland Møbler
Varda Care i Ålesund er spunne ut av velferdsteknologisatsinga til Helland Møbler i Stordal, og leverer sensorar som kan varsle om helsetilstanden til brukarane, og om brukarane treng hjelp frå pleiarar eller pårørande.

Aspehaug seier selskapet har fått gode tilbakemeldingar, men at lange beslutningsprosessar i kommunane kombinert med at det er eit nytt produkt har medverka til at salet har gått tregare enn selskapet hadde venta.

Ikkje folkeinvest-emisjon
Varda Care har henta inn kapital tidlegare, den eine gangen gjennom Folkeinvest den andre gjennom Dealflow. Både Dealflow og Folkeinvest er såkalla folkeinvest-selskap, som har spesialisert seg på å kople selskap med mindre investorar.

Denne gangen blir kapitalutvidinga mest sannsynleg gjort i samarbeid med ein rådgivar/meklarhus, seier Aspehaug til NettNo.

I 2022 henta Varda Care inn 8,6 millionar gjennom Folkeinvest. Der var minstemåle for kapitalutvidinga åtte millionar.

I 2020 henta selskapet 4,9 millionar kroner gjennom Dealflow. Det opphavlege målet var mellom åtte og ti millionar kroner.

Publisert: 22.03.2024 08:53

Sist oppdatert: 22.03.2024 08:53

Mer om