Kort fortalt

Permitteringsvarsel til 100 på Eid

Alle dei tilsette ved Norgesvinduet Bjørlo AS på Eid har fått permitteringsvarsel.

24.01.2014
Dette opplyser NRK Sogn og Fjordane. Bakgrunnen er at byggjebransjen i Sogn og Fjordane har varsla at det går mot skralare tider fordi bygginga av nye bustader har stoppa opp. Dagleg leiar i Norgesvindu Bjørlo, Roald Starheim, seier likevel ar han ikkje er bekymra, og at det er vanleg å sende permitteringsvarsel på denne tida av året då det er få oppdrag. Les meir

Publisert: 24.01.2014 09:36

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:22