Kort fortalt

Permitterte ved Stordal Møbel

Om lag halve staben utan arbeid.

09.03.2023

Kring halvparten av dei 35 tilsette ved Stordal Møbel er heilt eller delvis permitterte, skriv Storfjordnytt og Sunnmørsposten.

Sviktande ordreinngang er årsaka, og bedrifta veit ikkje kor lenge dei tilsette vil vere utan arbeid. Førebels er det ikkje aktuelt med oppseiingar, fortel dagleg leiar Ole Håvard Stavseng til Sunnmørsposten.

Publisert: 09.03.2023 13:56

Sist oppdatert: 09.03.2023 13:57

Mer om