Kort fortalt

Personlege bilskilt for 17,5 millionar

Kostar 9.000 kroner å byte.

06.02.2019
NPK-NTB: For 9.000 kroner kan du byte ut bilnummeret ditt med eit personleg bilskilt. I fjor kjøpte nordmenn slike skilt for 17,5 millionar kroner.
Det er stadig fleire som gjer dette, melder
Dermed køyrer det bilar på norske vegar med skilt som seier «Lydmann», «Godtid», «Doitnow», «Brann» og andre fantasifulle påfunn. I fjor bytte for første gong ein bil på Svalbard til eit personleg bilskilt. På det står det «Isbjørn».
Overskotet frå dei personlege bilskilta er øyremerkte til trafikktryggleikskampanjar.
– Det er grunnlaget for heile denne ordninga. Vi har brukt overskotet frå 2017 på kampanjar som handlar om merksemd i trafikken, fart og belte i buss. Det skal vi fortsetje med i 2019, seier Heidi Øwre i Statens vegvesen.

Publisert: 06.02.2019 10:18

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36