Kort fortalt

Pessimistiske nordmenn

Få trur på rask opptur etter korona.

16.04.2020
NPK-NTB: Berre 13 prosent av spurde i Noreg trur på rask økonomisk opptur etter koronasituasjonen, ifølgje ei undersøking. Det gjer oss til nokon av dei mest pessimistiske.
Ifølgje omfattar Kantar-undersøkinga 50 land. Ho viser at nordmenn er blant dei mest pessimistiske i Europa. Sjølv Italia og Spania – landa som er hardast ramma – skårar høgare på optimisme.
I USA og Kina svarar høvesvis 33 og 58 prosent av dei spurde at dei trur på ein rask økonomisk opptur.

Publisert: 16.04.2020 11:45

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:28