Pizza-restaurant held koken
Nytt år med rekordhøg omsetning.
Lønnsemda gjekk litt ned, men inntektene heldt seg på rekordnivå for Napoli-Pizzeria i Ulsteinvik i fjor.
5,1 millionar i omsetning i 2023, var berre 100.000 under rekordåret i 2022. Inntektene har auka betydeleg dei siste åra for pizzarestauranten, som fem år tidlegare omsette for 3,5 millionar.
I 2023 sysselsette sentrumsrestauranten fire årsverk, ifølgje årsmeldinga.
Resultatet før skatt gjekk eit knepp ned, og enda 239.000 kroner. Selskapet hadde ved utgangen av 2023 eigenkapital på drygt 250.000 kroner og ingen langsiktig gjeld.
Også etter fjoråret blei det teke utbytte, men litt mindre enn tidlegare år. Drifta har gitt eit samla utbytte for eigarane på kring 1,8 millionar dei siste fem rekneskapsåra.
Napoli-Pizzeria As | ||
Tal i mill. kroner | 2023 | 2022 |
Driftsinntekt | 5,1 | 5,2 |
Driftsresultat | 0,2 | 0,3 |
Resultat før skatt | 0,2 | 0,3 |
Publisert: 04.03.2024 11:37
Sist oppdatert: 04.03.2024 20:55