Snorrebuda desember 2023 foto marius 11
KONKURS: Snorrebuda Mat og Vinhus har hatt mykje stengt den siste tida. Etter fleire år med underskot er det slutt for restaurantdrifta i Ulsteinvik. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Fem misser jobben i restaurantkonkurs

Kastar inn handkleet etter fleire tøffe år.

Marius Rosbach
09.01.2024

Møre og Romsdal tingrett har tysdag opna konkurs i Snorrebuda Mat og Vinhus i Ulsteinvik. Leiinga ved restauranten melde oppbod etter å ha vore gjennom fleire år med negative resultat.

Selskapet opplyste i retten at gjelda er på kring ein million kroner, og verdiane på mellom 400 og 500.000 kroner.

Verksemda er no innstilt. Tre tilsette er oppsagde, medan to tilsette ikkje var oppsagt på konkurstidspunktet, ifølgje rettspapira. Bustyrar i saka er Anne N. Hovde.

– Ikkje gitt at ein har lokale restaurantar
Rekneskapen for 2022 som var klar i oktober, viste eit nytt minusår. Det svake resultatet og stramme likviditeten gjorde at det var knytt usikkerheit til den vidare drifta av selskapet, påpeika leiinga i årsmeldinga.

Dagleg leiar Sigurd-Johan Thorheim fortalde NETT NO at det hadde vore tøffe år etter at bransjen i tur og orden har vore treft av pandemi, auke eigarskattar og galopperande straum- og råvareprisar.

– Det er ikkje gitt at ein har lokale restaurantar slik situasjonen har utvikla seg, sa han den gong.

Drygt tre månader etterpå er det altså slutt for spisestaden som opna i 2020.

Ny rekordomsetning - og tapt eigenkapital
Restauranten i Ulsteinvik sentrum nådde ny rekordomsetning i 2022 og inntektene bikka for første gong sju millionar kroner. Det var ei lita auka samanlikna med året før.

Underskotet auka derimot meir, og enda på drygt 800.000 kroner etter at fjoråret var gjort opp. Det var andre år på rad med minusresultat for spisestaden og førte til at eigenkapitalen var tapt.

Kokken Roll-selskapet som driv catering frå lokala ved hurtigbåtkaia på Hareid, gjekk inn som majoritetseigar i Ulstein-selskapet i 2021.

Publisert: 09.01.2024 15:07

Sist oppdatert: 09.01.2024 17:48

Mer om