Kort fortalt

«Planet Ørsta» tar av på nett

Anonym animatør-trio er populært.

23.03.2021

(NPK): Ein anonym animatør-trio på Sunnmøre har laga animasjonsserien «Planet Ørsta». Det vart populært.

– Då vi la ut den første episoden, forventa vi å få rundt 50 visningar frå vennar og familie. Så fekk vi tilbakemeldingar frå folk som sa at dei lo så dei datt av stolen. No har den episoden blitt sett 21.000 gonger, seier «Svennj», til NRK.

Han er ein av dei tre anonyme kameratane som byrja å lage animasjonsserien «Planet Ørsta» på same tid som pandemien braut ut i fjor. Totalt har dei sju episodane dei har laga, hatt over 120.000 visningar på YouTube og i sosiale medium.

I ein av dei ferskaste episodane møter vi Kjell «Kjellen» Bigset (sambygding Thomas Ryste), matros på Fjord 1, som etter at fødetilbodet i Volda er borte, no har etterutdanna seg over internett til å òg vere ein spesialvariant av jordmor, nemleg fjordmor. For no må alle med rier fraktast over fjorden til Ålesund for å føde, noko som i serienn har resultert i mange fødslar på båten.

Musikk og humor blanda med ei god dose galskap, er beskrivande ord for serien. Gatekjøkkenmat, slåsting og kampen mellom rånarane og lokalbefolkninga, korona, pride og sentralisering, er tema som kjem opp.

Sjølv om formålet er å få folk til å le, så ønsker serieskaparane òg å få fram bygda sitt perspektiv.

– Mange bygder blir gløymt og det er eit ønske at armane frå Oslo skal strekke seg hitover, seier «Svennj», til NRK.

(©NPK)

Publisert: 23.03.2021 11:51

Sist oppdatert: 23.03.2021 11:54

Mer om