Kort fortalt

Plastfunn i blåskjel

Forskarar fann plast i fire av fem blåskjel.

11.12.2017
NPK-NTB: Forskarar frå Norsk institutt for vassforsking (Niva) fann mikroplast i 193 av 252 blåskjel dei undersøkte langs norskekysten.
I gjennomsnitt inneheldt kvart blåskjel 1,84 plastpartiklar, skriv .
Niva gjorde undersøkingane på oppdrag frå Miljødirektoratet.
– Mikroplasten finst truleg i hovudsak i fordøyelsessystemet hos dyr, men sidan vi et heile dyret av blåskjel, kan mikroplast hamne på norske middagsbord, seier direktør Ellen Hambro i Miljødirektoratet.
Niva-forskar Amy Lusher seier at ein i dag veit lite om kva effekt mikroplasten kan ha på menneske.

Publisert: 11.12.2017 09:43

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:40