(NPK-NTB): Oljefondet fekk i 2015 ei avkasting på 2,7 prosent. Det svarar til 334 milliardar kroner.
Det kom fram då Statens pensjonsfond utland, eller Oljefondet, presenterte sin årsrapport for 2015 i Oslo onsdag. Fondet sjølv omtalar resultatet som tilfredsstillande i eit uroleg år.
Aksjeinvesteringane gav ei avkasting på 3,8 prosent, mens avkastinga på renteinvesteringane var 0,3 prosent.
– 2015 har vore eit uroleg år med negative renter, valutauro, fallande oljepris og svekte forventningar til veksten i framveksande marknadar, seier Oljefondets sjef Yngve Slyngstad.
Slyngstad er leiar for Noregs Bank Investment Management, avdelinga i Noregs Bank som står for forvaltinga av Oljefondet.
– Det har vore svingingar i avkastinga frå kvartal til kvartal, men totalt har det blitt eit tilfredsstillande resultat frå forvaltinga, seier han.
Den samla avkastinga på aksje- og renteinvesteringane var 0,5 prosentpoeng høgare enn avkastinga til referanseindeksane.
Fondet utgjorde totalt 7.475 milliardar kroner per 31. desember 2015. I dag er verdien av fondet vel 7.000 milliardar kroner.
61,2 prosent av fondet var ved utgangen av fjoråret investert i aksjar, 35,7 prosent i rentepapir og 3,1 prosent i eigedom. (©NPK)

Publisert: 09.03.2016 11:41
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:47