(NPK-NTB): Det siste røyret i den 482,4 kilometer lange gassrøyrleidninga Polarled er lagt ved Aasta Hansteen-feltet i Norskehavet, opplyser Statoil.
Polarled-røyrleidninga ligg på 1.260 meters djup og er den djupaste røyrleidninga på norsk sokkel.
Arbeidet starta i mars i år. Røyrleidninga består av over 40.000 røyrlengder, kvar på 12 meter. Det er den første røyrleidninga som kryssar polarsirkelen og opnar for gassleveransar frå Aasta Hansteen i Norskehavet til Europa.
– Vi leverer røyrleidninga langt under budsjett. Opphavleg investeringsbudsjett for prosjektet var 11,1 milliardar kroner. No forventar vi eit investeringsnivå på rundt 7,5 milliardar kroner. Dette kjem av god planlegging, god marknadskunnskap og god gjennomføring, seier prosjektdirektør i Statoil Torger Rød i ei .
Røyrleidninga opnar også for ytterlegare gassleveransar, ifølgje Statoil. (©NPK)

Publisert: 29.09.2015 13:01
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:50