Kort fortalt

Politiet etterforskar dronar i Nordsjøen

Fleire observasjonar ved plattformar.

22.09.2022

(NPK-NTB): Sørvest politidistrikt har starta etterforsking etter fleire observasjonar av dronar ved fleire norske plattformer i Nordsjøen.

Totalt er det rapportert om minst seks observasjonar av uidentifiserte dronar innanfor tryggingssona til norske plattformer på norsk sokkel, skriv Stavanger Aftenblad.

– Vi har sett i verk ei etterforsking for å få greie på om det er dronar som er observerte, kvar dronane eventuelt flyg i forhold til installasjonane, kva intensjonen er og kven det er som står bak, seier Amund Preede Revheim, som er seksjonsleiar for Nordsjø/Miljø i Sørvest politidistrikt.

Han stadfestar at operatørselskap i Nordsjøen har meldt frå om fleire observasjonar av dronar som dei ikkje kjenner til, men vil ikkje seie nøyaktig når dronane er observerte.

– Vi tek dette på alvor. Vi veit ikkje kven det er, og vi held alle moglegheiter opne. Vi tek dette på alvor og koplar på relevante ressursar og relevant kompetanse, seier Preede Revheim.

Seksjonsleiaren understrekar at det er straffbart å flyge dronar i tryggingssonene rundt plattformene utan at dette er avklart på førehand.

Han seier politiet samarbeid med bransjen og tilsynsmakter og at Politiets tryggingsteneste (PST) er rutinemessig varsla om saka.

(©NPK)

Publisert: 22.09.2022 08:28

Sist oppdatert: 22.09.2022 08:29

Mer om