NPK-NTB: Norske bedrifter fekk skattefrådrag for over 7.600 utviklings- og forskingsprosjekt gjennom Skattefunn-ordninga i fjor.
Det er ein auke på 10 prosent frå året før. Til saman er det snakk om prosjektkostnadar på 31 milliardar kroner, der det offentlege bidrar med skattefrådrag på i alt 5,6 milliardar kroner.
– Skal vi lykkast med å skape eit berekraftig velferdssamfunn treng vi eit næringsliv som investerer i forsking og utvikling. Skattefunn bidrar til at bedriftene investerer meir i forsking og utvikling, og vi ser at dei som nyttar ordninga, skaper fleire arbeidsplassar, seier statsminister Erna Solberg (H) i ei pressemelding frå Nærings- og fiskeridepartementet.
Det er Forskingsrådet som har ansvar for ordninga, som skal vere enkel og ubyråkratisk og særleg treffe små og mellomstore bedrifter.
Det er ein auke i alle fylke og sektorar, med unntak av underhaldning og olje- og gassektoren. Sistnemnde er likevel blant dei største næringane i ordninga, saman med IKT og marin sjømat.
Regjeringa gler seg særleg over at det er ein høg vekst i Rogaland og Aust-Agder, som begge har vore ramma av oljekrisa.
Skattefunn-ordninga vart først oppretta i 2002. Ein analyse frå 2016, utarbeidd av Statistisk sentralbyrå, viste at 1 million kroner i støtte hadde skapt i underkant av to nye årsverk og 1,8 millionar kroner i auka årleg verdiskaping, når effekten vart målt etter tre år.
Regjeringa har bestilt ei evaluering av ordninga, skal leggjast fram i løpet av året.

Publisert: 22.02.2018 08:27
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:39