Kort fortalt

Populært med sakte-tv frå hummarteine

Havforskingsinstituttet har gjort braksuksess med livesending frå ei hummarteine.

12.10.2015
(NPK): Fleire tusen har vore innom og kikka.
Sidan sesongen for hummarfiske starta 1. oktober har forskarane ved Flødevigen på Sørlandet sendt livevideo frå ei hummarteine. Teina er plassert ved hovudkaien til instituttet og skaper stor interesse.
– Ho er kjempepopulær. Vi er oppi rundt 20.000 som har sett livesendinga, fortel mediekontakt Espen Birerud til
Livesendinga ligg også tilgjengeleg på både Agderposten og Fædrelandsvennen og også der er det svært gode klikktal på mellom 15.000-20.000.
– Folk sit til og med om natta og ser, då har vi hatt rundt 50– 60 som har vore innom sendinga, seier Bierud. Han trur det er mange hummarfiskarar som ser på sendinga.
– Det er alltid noko som skjer rundt teina, det er mykje fisk som sym forbi, sjølv om det ikkje har vore altfor mykje hummar i teina i år.
– Den første natta var det ein kjemperugg som i eit kvarter prøvde å komme seg inn i teina. Det er vanskeleg å seie kor stor han var, men kanskje rundt 38 centimeter over ryggskjoldet. Teorien i lunsjen her på stasjonen er at teina ligg midt i territoriet til den største hannen, fortel Bierud.
Forskarane har eit mål om å halde livesendinga gåande i ei dryg veke til. (©NPK)

Publisert: 12.10.2015 10:42

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:50