Jan E. Rivelsrud med familie har inngått ein avtale om å selje Rica Hotels til Scandic.
I Ålesund er Rica Parken Hotel og Rica Hotel Scandinavie omfatta av salet. I Molde Rica Seilet, Nordfjord Hotel (Rica partner hotell) på Nordfjordeid og Rica Sunnfjord Hotel i Førde.
– Dette var ein nyheit vi er positive til. Det blir spennande å bli ein del av den største hotellkjeda i Norden, seier hotelldirektør på det som til no har vore Rica Sunnfjord Hotel, Odd Erik Gullaksen
Rica består av 48 eigne hotell og 24 franchisehotell, både i Norge og Sverige, der Ricas egeneigde hotell har rundt 3000 medarbeidarar.
Scandic er Nordens leiande hotellkjede med nær 150 hotell i åtte land og 10.000 medarbeidarar.
Familien Rivelsrud sel driftsselskapet Rica Hotels, men beheld eigedomsselskapet som mellom anna består av 22 hotelleigedommar.

Publisert: 12.02.2014 09:50
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:21