NPK-NTB: Prisane på nybygde bustadar stig framleis, men dei stig mykje saktare no enn tidlegare, ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB).
Frå første til andre kvartal i år steig nybustadprisane med berre 0,5 prosent samla. Prisane på blokkleilegheiter og småhus steig 0,4 prosent i andre kvartal, mens prisen på nye einebustadar var opp 1,4 prosent, ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB).
Årsveksten – når vi samanliknar prisnivået i andre kvartal i år med andre kvartal året før – i einebustadprisen på 0,9 prosent har ikkje vore så svak på sju år. Årsveksten for blokkleilegheiter og småhus var på 9,4 prosent i andre kvartal.
Tolvmåndersveksten for nye bustadar samla sett var på 6,5 prosent i andre kvartal, ned frå 10,7 og 10,1 prosent i dei to kvartala før. Til samanlikning steig prisane for brukte bustadar 6,9 prosent i andre kvartal i år frå same kvartal i fjor.

Publisert: 20.09.2017 14:53
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41