Kort fortalt

Pris til Ekornes

Ekornes får inkluderings- og mangfaldsprisen for 2021.

15.03.2022

Kultur-, næring- og folkehelseutvalet har i dag tildelt Ekornes inkluderings- og mangfaldsprisen for 2021.

- Gjennom sin innsats for å gje fast arbeid til dei som ikkje har det, og med samarbeid med flyktningtenesta og NAV, er dei ein verdig vinnar av prisen. Å vere i arbeid, og delta i samfunnet er svært viktig for enkeltmenneske, og det er viktig for samfunnet at flest mogleg får moglegheit til å vere i arbeid – seier leiar i kultur,- nærings og folkehelseutvalet Marit Nerås Krogsæter, i ei pressemelding frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

Inkluderings- og mangfoldsprisen vart delt ut for første gong i 2021, og prisen erstattar Likestillingsprisen. Prisen skal gå til ein person, gruppe av personar, bedrifter, institusjonar eller organisasjonar som bur i, eller har sterk tilknyting til fylket.

I pressemeldinga vert det vist til at prismottakarar skal ha tatt initiativ til eller gjennomført tiltak som fremmer like moglegheiter, meir inkludering og mangfald i samfunns- og arbeidsliv for enkeltpersonar eller grupper uavhengig av kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, alder, etnisitet, språk og religion

Ekornes er Nordens største møbelprodusent med hovudkontor i Sykkylven. Dei har nedslagsfelt i 48 marknadar, 19 salskontor i 13 land med 4000 utsalspunkt globalt, og har dei siste åra hatt ei omsetning på over 3 milliardar kroner. Dei har varemerka Stressless, Svane og IMG.

Publisert: 15.03.2022 15:53

Sist oppdatert: 15.03.2022 23:54

Mer om