Kort fortalt

Prisauken held fram

Bustadprisane opp 1 prosent siste månad.

03.08.2016
(NPK-NTB): Bustadprisane steig med 1 prosent frå juni til juli, viser sesongjusterte tal frå Eiendom Norge. Det siste året har prisane stige med 8,8 prosent.
Det vart i juli selt 3.642 bruktbustadar, ein nedgang på 11 prosent samanlikna med juli 2015.
Bustadprisutviklinga har vore sterkast i Oslo og Trondheim. I dei fleste av dei andre regionane er det ein nedgang i bustadprisane, opplyser administrerande direktør Christian Vammervold Dreyer i Eiendom Norge. (©NPK)

Publisert: 03.08.2016 12:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:45