Kort fortalt

Prisen på fritidsbåtar gjekk ned

Motsett trend for brukte båtar.

NPK
08.01.2024

(NPK): Gjennomsnittsprisen for nye båtar annonserte på Finn.no har gått ned med over 22 prosent i 2023.

- Det var mange som venta ein stor auke av publiserte båtar på Finn.no i 2023 som eit resultat av auka renter, inflasjon og redusert kjøpekraft. Dette viste seg igjen å ikkje stemma. Uansett kva slags økonomiske forhold som påverkar økonomien til folk, held båtfolket fram som før, seier Terje Dahlgren i Finn til Båtmagasinet.

Gjennomsnittsprisen på annonserte nye båtar på Finn.no har gått ned frå 1.660.423 kroner til 1.289.846 kroner Det er ein nedgang på over 3.70.000 kroner.

- Talet er likevel ein god indikator på prisutviklinga i marknaden. For bruktbåtar er det motsett trend, seier Dahlgren.

Når det gjeld bruktbåtar går den gjennomsnittlege prisen opp, noko som igjen fører til at talet på annonserte bruktbåtar sokk i 2023. Salet har gått ned frå 50.509 båtar til 47.593 båtar.

(©NPK)

Publisert: 08.01.2024 10:41

Sist oppdatert: 08.01.2024 10:41

Mer om