Kort fortalt

Prisfall på laks

Lakseprisen på sitt lågaste til no i år.

31.07.2019
NPK-NTB: Eksportprisen på fersk laks fall 6,7 prosent frå veke 29 til veke 30. Prisen er no 56,16 kroner, det lågaste nivået så langt i år.
Det vart eksportert 18.839 tonn fersk laks i veke 30, noko som er 12,4 prosent meir enn veka før, viser tal frå .
Prisen på fersk laks i veke 30 er den lågaste så langt i år. Han ligg 0,2 prosent over nivået i same veke i 2018.
Det vart òg eksportert 262 tonn frosen laks, til ein pris på 63,59 kroner kiloen. Det er ein prisoppgang på 0,5 prosent, medan volumet auka 15,9 prosent.

Publisert: 31.07.2019 09:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:33