NPK: I august i fjor opna kronprins Haakon Måløyraidsenteret i Sogn og Fjordane. No blir senteret granska av Stiftingstilsynet.
Måløyraidsenteret er laga for å heidra Martin Linge og kompaniet han leia. Senteret blei opna i august, men skuldar no mykje pengar.
Formannskapet i Vågsøy kommune har fått opplyst at senteret har ubetalte rekningar på om lag 1,5 millionar kroner. Dei blir granska av Stiftingstilsynet. Det stadfestar også styreleiar Helge Hjelle til avisa .
Avisa fortel også at den daglege leiaren blei sagt opp frå nyttår.
viser til eit dokument som fortel at opningsfesten med kronprinsparet blei dobbel så dyr som planlagd. Det var sett av 50.000 kroner til opninga, men sluttsummen blei på 106.000 kroner.
Stiftingstilsynet stadfestar at dei vurderer økonomien til senteret. Tilsynet seier dei først og fremst skal rettleie stiftingar til å gjera ting rett.

Publisert: 05.02.2019 11:10
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36