(NPK-NTB): Statoil og partnarane på Gullfaks-feltet i Nordsjøen aukar produksjonen med 22 millionar fat oljeekvivalentar.
Produksjonsauken skjer etter at Statoil og partnarane OMV og Petoro har starta den første såkalla våtgasskompresjonen i verda på havbotnen.
Ifølgje er teknologien unik. I tillegg til å auke produksjonen, blir platåproduksjonen forlengd med om lag to år frå Gullfaks Sør Brent-reservoaret.
Statoil starta i midten av september opp havbotnsgasskompresjon på Åsgard-feltet. Åsgård og Gullfaks er dei to første av sine slag, og representerer to ulike teknologiar for å halde oppe produksjonen når trykket i reservoaret minkar etter ei viss tid.
Statoil har dessutan søkt Miljødirektoratet om løyve til boring av til saman åtte produksjonsbrønnar og tolv injeksjonsbrønnar, og ein pilotbrønn som første trinn av utbygginga av det enorme Johan Sverdrup-feltet, skriv Offshore.no. (©NPK)

Publisert: 12.10.2015 10:14
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:50