(NPK-NTB): Natur og Ungdom har samla 2.000 aksjonistar som vil ty til sivil ulydnad for å hindre at gruveavfall blir deponert i norske fjordar.
– Aksjonistane er villige til å bryte lova med lenker for å stoppe planane om å gjere fjordane til avfallsplass. I året som kjem vil Natur og Ungdom trene nye aksjonistar og jobbe for å samle enda fleire, seier avtroppande leiar Arnstein Vestre til NTB.
Planane om gruvedeponi i Repparfjorden i Finnmark og Førdefjorden i Sogn og Fjordane står sentralt under det 51. ordinære landsmøtet til Natur og Ungdom i Fredrikstad i helga.
– Det å bryte lova er inga lita sak. Men når dei som styrer ikkje klarer å ta vare på miljøet, så må nokon gjere det, seier Vestre.
Landsmøtet i Natur og Ungdom varer frå torsdag til søndag. Søndag skal dei 250 delegatane velje ny leiar. To kandidatar stiller til val: Noverande første nestleiar Ingrid Skjoldvær og organisasjonens fagleiar innan klima, Tale Ellingvåg. (©NPK)

Publisert: 06.01.2016 23:10
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:49