Kort fortalt

Protestfest ved Førdefjorden

Demonstrantane byr inn til fest.

18.02.2016
(NPK): Aksjonistane som for tida demonstrerer mot Nordic Minings planar om gruvedrift i Engebøfjellet med tilhøyrande avfallsdeponi i Førdefjorden i Sogn og Fjordane, inviterer laurdag til folkemøte og protestfest i Vevring.
Arrangørar er Natur og Ungdom og Vevring og Førdefjorden Miljøgruppe, som òg har invitert representantar frå det internasjonale miljønettverket Friends of the Earth. Det blir tur til Engebøfjellet og appellar, mat og kulturinnslag på Vevring skule.
– Vi oppmodar no alle fjordvenner om å komme til Vevring laurdag, vise aksjonistane støtte og gi dei utanlandske miljøgjestene inspirasjon til å bringe kampen for Førdefjorden ut i verda, seier Anne-Line Thingnes Førsund i Vevring og Førdefjorden Miljøgruppe i ei pressemelding.
Miljøaksjonistane har sidan 1. februar prøvd å hindre Nordic Mining i å gjennomføre prøveboringar i Engebøfjellet. Over 2.000 personar skal ha meldt seg som frivillige. (©NPK)

Publisert: 18.02.2016 10:59

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:48