Kort fortalt

Protestpause mot Nordic Mining

Aksjonistane tar pause i Engebøfjellet.

22.02.2016
tID: 12034241
(NPK): Etter tre veker med sivil-ulydnads-aksjonar mot prøveboringane etter rutil i Engebøfjellet i Sogn og Fjordane, gir aksjonistane seg. Fredag avviste regjeringa klagene på løyvet som Nordic Mining har fått til å opprette eit omstridd avfallsdeponi i Førdefjorden.
Men aksjonistane gir ikkje opp kampen, slår Natur og Ungdom fast i ei pressemelding.
– Vi har med aksjonane vist at vi enkelt kan blokkere prosjektet fysisk, og gitt regjeringa og Nordic Mining ein solid forsmak på kva dei kan vente seg dersom dei ikkje legg dumpeplanane i ein skuff, seier Natur og Ungdom-leiar Ingrid Skjoldvær.
Over 100 personar har vore med på aksjonane så langt, og Skjoldvær seier dei framleis har over 2.000 personar som står klare til kamp i neste runde. (©NPK

Publisert: 22.02.2016 10:27

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:48