Kort fortalt

Prøvar å hindre oppseiingar

Oljebransjen vil ha hjelp til å unngå botnen.

07.06.2016
(NPK-NTB): Norsk Olje og Gass seier kutta i bransjen i ein periode kan vere større enn eit framtidig berekraftig nivå tilseier. Dermed kan næringa miste kvalifiserte medarbeidarar det kan bli bruk for på sikt.
Sjefen for bransjeorganisasjonen, Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, trur framleis behovet for folk i oljebransjen blir varig lågare, men trur det vil liggje høgare enn botnen av bølgjedalen, skriv Klassekampen. Han meiner både bransjen og styresmaktene bør sjå på korleis situasjonen kan avhjelpast.
Dermed er arbeidsgjevarsida på linje med fagforeiningane, som seier det trengst tiltak for å hindre oppseiingar av tilsette det seinare vil bli bruk for. Fagforeiningane har foreslått å bruke ledig kapasitet til meir vedlikehald og plugging av brønnar.
– Omfanget av plugging av brønnar er på det rette nivået i dag, så løysinga ligg ikkje der. Ein må heller sjå korleis ein kan legge til rette slik at fleire prosjekt blir realiserte, seier Schjøtt-Pedersen.
Sjølv om regjeringsplattforma inneheld eit punkt om at regjeringa vil «vurdere endringar i petroleumsskattesystemet som kan betre ressursforvaltninga og auke utvinningsgraden i felt i drift og nærliggjande marginale felt», sa statsminister Erna Solberg (H) nyleg at det ikkje er aktuelt å endre skattereglane for næringa.

Publisert: 07.06.2016 09:04

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:45