Kort fortalt

Prøvde å stoppe Nordic Mining

Natur og Ungdom-aksjonistar borne vekk.

02.02.2016
(NPK): Politiet fjerna tysdag ettermiddag med makt ei gruppe aksjonistar frå Natur og Ungdom som sperra vegen inn til Engebøfjellet ved Førdefjorden, der gruveselskapet Nordic Mining skal gjere prøveboringar.
Politiet fekk hjelp av brannvesenet til å klippe over lenkene aksjonistane hadde låst seg fast til, skriv .
Politiet varsla aksjonistane rundt klokka 14.30 om at dei kom til å bli taua inn og sende til politistasjonen i Florø om dei ikkje fjerna seg innan eit kvarter. Vel ein halv time seinare gjekk 16 politifolk til aksjon mot dei 15 aksjonistane, som nekta å følgje oppmodinga frå politiet, ifølgje avisa.
Dei 15 aksjonistane må rekne med førelegg på 10.000 kroner kvar for den sivile ulydnaden.
Organisasjonen hadde budd seg til ein fleire veker lang aksjon og sa tidlegare på dagen at dei har nok folk til å halde det gåande lenge.
– Vi har hittil samla over 2.000 personar på liste for sivilt ulydige aksjonar mot det omstridde gruveprosjektet, skriv organisasjonen i ei pressemelding.
Nordic Mining har fått løyve til å grave fram mineralet rutil frå Engebøfjellet i Naustdal kommune i Sogn og Fjordane. Avfallet skal dumpast i Førdefjorden, utanfor bygda Vevring.
Planane er klaga inn til Eftas overvakingsorgan Esa og til Kongen i statsråd. Klagene er enno ikkje behandla, men selskapet har fått løyve til å setje i gang prøveboringane frå tysdag, ifølgje Natur og Ungdom.
Etter det fortel, skal to boreriggar bore 37 hol i fjellet dei neste to månadene, til saman 6.000 meter med borekjerne. (©NPK)

Publisert: 02.02.2016 16:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:48