Kort fortalt

Prøveboring i Engebøfjellet

Nordic Mining startar prøveboring.

27.01.2016
(NPK): Gruveselskapet Nordic Mining lèt seg ikkje skremme av låge prisar på mineralet rutil, som dei vil vinne ut frå Engebøfjellet i Naustdal i Sogn og Fjordane. Til veka går selskapet i gang med prøveboring.
Prisen på rutil er no på rundt 800 dollar per tonn, mot 2.400 dollar per tonn i 2012.
– Nordic Mining skal tole låge rutilprisar, seier utforskingsleiar Mona Schanche til NRK.
Schanche seier dei ventar prisvekst, men at dei toler enda lågare prisar.
Selskapet fekk i fjor løyve til å opprette eit omstridd sjødeponi i Førdefjorden. (©NPK)

Publisert: 27.01.2016 15:18

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:48