Kort fortalt

Prøveboring nær Lofoten

Tysk selskap skal bore ved Trænarevet.

17.07.2019
NPK-NTB: Miljødirektoratet har gitt det tyske oljeselskapet Wintershall DEA klarsignal til å drive prøveboring ved Trænarevet sør for Lofoten.
Det stadfestar direktoratet overfor NTB.
Løyvet gjeld boring av ein leitebrønn i ei blokk som vart opna i 2016 under den såkalla TFO-ordninga. Blokka ligg i Norskehavet utanfor kysten av Nordland, 83 kilometer sør for Røst og 50 kilometer nord for Træna.
Ifølgje kommunikasjonssjef Kjetil Hjertvik i Wintershall er boreperioden på feltet planlagt i oktober og vil ta om lag 30 dagar.
Miljørørsla varsla kamp då søknaden frå det tyske oljeselskapet vart kjent i juni.
– Området er ein del av økosystemet som er knytt til Lofoten. Det er så nært Lofoten at eit utslepp herfrå vil hamne i Vestfjordbassenget med katastrofale følger, sa Sigurd Enge i Bellona då.
Leiar Odd Arne Sandberg i Folkeaksjonen oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja har omtalt tildelinga som «alarmerande».
TFO står for «tildeling i forhåndsdefinerte områder». Blokkene ligg i område nær planlagt og eksisterande infrastruktur og som er velkjente etter fleire år med leiteverksemd.

Publisert: 17.07.2019 15:35

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:33