Kort fortalt

Prøvefiske etter sniglar før jul

Kongesnigel skal bli eksportprodukt.

18.11.2016
(NPK): Før jul blir det tre veker med prøving og feiling i sniglefiske langs kysten.
Krabbeprodusenten Hitramat har verva ti-tolv fiskarar i området for å setje i gang eit prøveprosjekt på kongesnigel, skriv Fiskeribladet Fiskaren. I haust inngjekk dei eit samarbeid med eksportselskapet Polar Seafrozen om eksport av kongesnigel til Asia.
Utviklingssjef Kolbjørn Ulvan fortel at dei vil vere klare til å ta imot kongesniglar om rundt to veker. Planen er å ta imot sniglar dei tre siste vekene før jul.
– Deretter gjer vi opp status, og så set vi ein dato for eventuell oppstart etter jul, seier Ulvan til avisa.
Fiskarane skal få rundt 10 kroner per snigel. Og i starten skal Hitramat og eksportørane vurdere tilgjengelegheit og kvalitet. Så får produsenten også teste ut korleis den nye matvara passar inn i produksjonslinjene deira.
Dei fleste av fiskarane er frå Hitra-Frøya, medan nokre skal sende sniglar frå andre stader i Trøndelag og søre del av Nordland. (©NPK)

Publisert: 18.11.2016 15:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43