(NPK-NTB): Petroleumstilsynet (Ptil) og Oljedirektoratet kontrollerer oljebransjen, men likevel eig 26 tilsette Statoil-aksjar for 3,5 millionar kroner. No må fleire selje aksjane sine.
Ifølgje næringslivsavisa vart det tidleg klart at det er i strid med instruksen frå Arbeids- og sosialdepartementet at Ptil-tilsette har økonomiske interesser i selskap tilsynet har kontrollmyndigheit over.
I mai endra Ptil praksisen for tilsette med slike aksjar. Tilsynet søkte samtidig unntak frå instruksen for åtte tilsette med aksjar. Tilbakemeldinga frå departementet er at tilsette som har tilsynsansvar og kontakt med selskapa, ikkje skal eige aksjar, skriv Sysla og .
Seks medarbeidarar får derfor avslag på søknaden, mens to tilsette som berre har administrative oppgåver, får behalde aksjane.
Ifølgje hadde heile 26 tilsette i både Ptil og Oljedirektoratet Statoil-aksjar for 3,5 millionar kroner. Både forskarar og professorar gjekk tidlegare i år ut og kritiserte praksisen.
For dei tilsette i Oljedirektoratet er det framleis ikkje konkludert. (©NPK)

Publisert: 12.10.2015 09:12
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:50