Rem Pioneer transport foto Myklebust Verft
KORTAR NED TIDA: Ved å nytte ein sokalla «heavyliftar» kan skroget kome til verftet i Sande på halve tida, enn ved eit vanleg slep. Foto: Myklebust Verft
Kort fortalt

På veg i «ekspressfart» frå verftet i Asia

Skipet som Myklebust Verft bygger for Rem Offshore har kurs for Sunnmøre.

Marius Rosbach
03.10.2025

Skroget til skipet Rem Pioneer er no på veg frå skrogverftet i Vietnam til Myklebust Verft i Sande. Det gjerast ved hjelp av transportskipet Seaway Osprey, melder verftet på sosiale media. 

Nett No har tidlegare omtala planane om tørrtransport av skroget, som gjer det mogleg å korte ned tida frå to-tre månader – til kring det halve. 

Det er ikkje ein heilt uvanleg metode for å frakte skrog frå Asia til norskekysten, men har sjeldan vore gjort av reiarar frå Nordvestlandet som bygger skip i Norge.

Reiardirektør Lars Conradi Andersen i Rem Offshore har fortalt at målet er å få skipet levert før kontrakten eigentleg tilsa - for å få skipet i arbeid. 

– Vi jobbar med fleire moglegheiter for befraktningsavtalar, og forstår marknaden slik at det vil vere gunstig å kunne tilby skipet så tidleg som mogleg, fortalde han i sommar. 

Reiarsjefen meinte levering på seinsommaren neste år var innan rekkevidde. 

Publisert: 03.10.2025 15:05

Sist oppdatert: 03.10.2025 15:05

Mer om