Leiv Sindre Muren Nor Shipping foto Marius
NOR-SHIPPING: Myklebust Verft-sjef Leiv Sindre Muren på Nor-Shipping med ein modell av det komande Rem Offshore-skipet. Verftet ligg an til å levere fartøyet før tida. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Ligg an til tidleg levering av Rem-skip

Reiarlag og verft satsar på «ekspresstransport» av skrog frå Asia for å sikre fartøyet gode avtaler.

Marius Rosbach
09.06.2025

Rem Offshore satsar på tidleg levering av det første av to skip som reiarlaget har bestilt frå Myklebust Verft. 

Det fortel administrerande direktør Lars Conradi Andersen til Nett No. 

– Framdrifta for skrogbygginga har vore god, og vi ser at det kan vere mogleg å få levert skipet før kontraktsdatoen, seier han. 

Eit grep for å knappe inn på tida og halde tempoet oppe, er å nytte seg av sokalla tørrtransport frå skrogverftet i Vietnam til verftet i Gurskebotn. 

Slik kan transporten gjerast unna på halvannan månad i staden for to-tre månader, som det gjerne tek for eit tradisjonelt slep.

– Det handlar om ei totalvurdering, der vi meiner det vil vere fornuftig og gi oss meir konkurransekraft, seier Rem Offshore-sjefen. 

Ligg an til levering seinsommaren neste år
Det ligg i korta at for kvar dag ekstra reiarlaget får med skipet, er moglegheitene større til å tene pengar - så lenge marknaden er god.

Conradi Andersen fortel at ei levering på seinsommaren neste år er innan rekkevidde. 

– Vi jobbar med fleire moglegheiter for befraktningsavtalar, og forstår marknaden slik at det vil vere gunstig å kunne tilby skipet så tidleg som mogleg, seier han. 

Det er ikkje ein heilt uvanleg metode for å frakte skrog frå Asia til norskekysten, men har sjeldan vore gjort av reiarar frå Nordvestlandet som bygger skip i Norge. Ei av årsakene er at det er meir vanleg med skrogbygging i Europa for skip som blir utrusta ved norske verft.  

Rem illustrasjon bygg Myklebust
NYTT SKIP: Myklebust Verft skal levere det nye offshorefartøyet som vil ha eit arbeidsdekk på 1400 kvadratmeter og blir utstyrt med ei kran som kan løfte 250 tonn. Skipsteknisk i Ålesund har teikna skipet. Illustrasjon: Rem Offshore/Myklebust Verft/Skipsteknisk.

– Ein effektiv og trygg transport
Nor-Shipping-messa var verftet på plass med ein modell av skipet på sin stand.

Sjølve transporten skjer ved hjelp av ein sokalla «heavyliftar». Det er eit fartøy som senkast ned under skroget, for så og løfte det opp til seglasen. 

– Det gir ein effektiv og trygg transport. Båten vil gå til Norge rundt Afrika og bruke om lag 45 dagar, fortel verftsdirektør Leiv Sindre Muren til Nett No. 

Når dei kjem til Gurskebotn blir skroget senka ned, og kan takast rett inn i dokka. Muren fortel at dei ser fram til operasjonen og håpar å spare inn «iallfall» ein månad samanlikna med eit tradisjonelt slep. 

Avgjerande at Brasil-aktiviteten held seg oppe
Myklebust-verftet har også eitt skip til under bygging for Rem Offshore. Det skal etter planen leverast siste halvdel av 2027. Herøy-reiarlaget ligg då an til å ha ein flåte på 21 skip - etter at dei selde eit skip i løpet av fjoråret. 

Conradi Andersen var også på Nor-Shipping-messa og seier han ventar seg framleis solid marknad framover.

– Ting vil alltid kunne endre seg, men energiprisar er mellom det som vil vere viktig. Det vil også vere avgjerande at aktiviteten helde seg oppe i Brasil. Det er ein marknad som vil vere ein viktig drivar for bransjen framover, legg han til. 

Publisert: 09.06.2025 05:00

Sist oppdatert: 08.06.2025 11:27

Mer om