Kort fortalt

På veg mot lågkarbosamfunn

Statoil investerer milliardar i fornybar energi.

16.02.2016
(NPK-NTB): Dei neste åra skal Statoil investere rundt 1,7 milliardar kroner i fornybar energi. – Overgangen til eit lågkarbosamfunn skaper nye forretningsmoglegheiter, meiner selskapet.
Investeringane skjer gjennom fondet Statoil Energy Ventures og kjem på opp mot 200 millionar dollar over ein periode på fire til sju år, opplyser .
– Vi er glade for å etablere Statoil Energy Ventures, som blir eitt av verdas største selskapseigde venturefond for investeringar i fornybar energi. Overgangen til eit lågkarbosamfunn skaper nye forretningsmoglegheiter, og Statoils ambisjon er å fremme ytterlegare lønnsam vekst innanfor dei områda. Gjennom det nye fondet ser vi fram til å investere i attraktive og ambisiøse selskap og bidra til å forme energiframtida, seier Irene Rummelhoff, konserndirektør for nye energiløysingar. (©NPK)

Publisert: 16.02.2016 12:53

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:48