Rapport peiker på ti framtidsnæringar
Kan skape om lag 210.000 nye arbeidsplassar.
Rapporten «Norge i morgen» er laga av konsulentselskapet McKinsey og peikar på ti næringar som kan bidra til grøn, berekraftig og høgteknologisk omstilling i framtida. Om Noreg utnyttar potensialet fullt ut, kan vi skape om lag 210.000 nye arbeidsplassar og auke bruttonasjonalproduktet med over 310 milliardar kroner i 2030, ifølgje rapporten.
Dei ti næringane er desse: hydrogen, havvind, batteri, karbonfangst og -lagring, grøn maritim næring, industriell programvare, forbrukarplattformer, sirkularitet, havbruk og turisme.
– Tida er inne for å byggje landet igjen. Vi skal leve godt av olje og gass i ein del år til, men etterspurnaden vil gå ned, og vår jobb er å sikre at kommande generasjonar har fleire bein å stå på, seier seniorpartnar Frithjof Lund i McKinsey Norge i ei pressemelding.
Noreg har eit godt utgangspunkt, og mykje rett blir gjort allereie, understrekar McKinsey, som likevel uroar seg for at det går for treigt.
– Vi bruker lang tid på avgjerdene der andre land allereie spurtar frå start. Konsekvensen kan bli at vi mistar «pole position-en» vår, seier Lund.
McKinsey har laga rapporten på eige initiativ utan oppdragsgivarar.
(©NPK)
Publisert: 09.02.2022 16:28
Sist oppdatert: 09.02.2022 16:33