Rassia i flyttemarknaden
Konkurransetilsynet gjekk til aksjon
(NPK-NTB): Konkurransetilsynet meiner det kan ha gått føre seg utveksling av konkurransesensitiv informasjon mellom aktørane i marknaden for flyttetenester.
– Konkurransetilsynet har grunn til å tru at det har gått føre seg utveksling av konkurransesensitiv informasjon mellom aktørar i marknaden for flyttetenester, og har derfor gjennomført ein ikkje varsla kontroll for å få stadfesta eller avkrefta mistanken om ulovleg samarbeid, seier etterforskingsdirektør Kari Bjørkhaug.
Bevissikringa er gjennomført på grunnlag av ei avgjerd frå Hordaland tingrett.
Konkurransetilsynet har teke beslag i relevant materiale som vil bli gjennomgått, opplyser tilsynet i ei pressemelding.
Dei ønskjer ikkje å gå konkret inn på den aktuelle saka eller marknaden.
(©NPK)
Publisert: 21.09.2021 14:01
Sist oppdatert: 21.09.2021 14:03