Kort fortalt

Redd for torskebestanden

Fiskarlaget fryktar for torskebestanden om samarbeidet med Russland ryk

08.04.2022

Norges fiskarlag fryktar at den norske torskebestanden kan setjast på spel dersom Noreg stengjer russiske skip ute frå norske hamner.

Årsaka til at torskebestanden kan stå i fare om avtalane ryk, er enkel, skriv NRK.

Den store torsken, som både norske og russiske fiskarar fangar i norsk sone av Barentshavet, blir nemleg klekt i russisk sone. Dersom russarane blir stengde ute frå norsk sone, kan dei byrje å fiske opp småfisken i eiga sone

– Då vil vi vere skrudd mange tiår tilbake. Det ville vere ein tragedie for fiskarane, men ikkje minst for bestandane. Men vi er ikkje der i dag, og vi har eit håp og eit ønske om å ikkje hamne i den situasjonen, seier leiar Kåre Heggebø i Norges fiskarlag.

Skulle samarbeidet ryke, meiner administrerande direktør Konstantin Drevetnjal i Det nordlege fiskarlaget at det vil vere alvorleg for den verdifulle fiskebestanden i Barentshavet.

– Dersom den norske økonomiske sona er stengd for russiske fartøy, vil dei truleg måtte fange meir i den russiske økonomiske sona. Dette vil vere negativt for gytebestanden, seier han.

Fiskeriminister Bjørnar Skjæran (Ap) seier at dei vil samarbeide med EU om sanksjonane, men at dei vil sjå nøye på kva tilpassingar som er nødvendige å gjere for å verne norske interesser.

(©NPK)

Publisert: 08.04.2022 09:34

Sist oppdatert: 08.04.2022 09:35

Mer om