Kort fortalt

Redde for dataspreiing

Nordmenn mest skeptiske til å dele persondata.

30.11.2015
(NPK-NTB): Seks av ti nordmenn meiner det blir samla inn for mykje data, og sju av ti er redde data blir brukt til andre ting enn føremålet, viser ei ny undersøking som er gjort for Telenor.
Tala blir presenterte i samband med den årlege konferansen Status Teknologi-Norge. Konferansen tek blant anna føre seg korleis personvernet i «internettets tidsalder» best skal takast vare på.
I studien er 5.100 forbrukarar frå ti land spurde om haldningane sine til å dele persondata mot å få fleire persontilpassa gode frå tenestetilbydarane. I Asia, Sør- og Aust-Europa er folk positive til å dele personlege data, mens nordmenn er meir restriktive, ifølgje .
I ei pressemelding om undersøkinga heiter det at «Seks av ti i Noreg og Europa svarar at dei er pragmatikarar, det vil seie at dei er urolege for sine personlege data, men likevel villige til å stille personlege data til disposisjon mot at dei oppnår visse gode.»

Publisert: 30.11.2015 11:25

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:49