(NPK): Norske kommunar er ikkje skikka til legge til rette areal til lakseoppdrett, meiner økonomiprofessor Ragnar Tveterås ved Universitetet i Stavanger.
– Eg meiner at som i dag må alle som er berørt av at det blir etablert lakselokalitetar i eit område, bli høyrde. Men ein saksbehandlar i kommunen har ikkje kompetanse til å leie denne prosessen på ein god måte, seier Tveterås til .
Professoren har jobba tett på sjømatnæringa i lang tid. I ein gjestekommentar i Fiskeribladet Fiskaren peikar han på at manglande kompetanse, lokalpolitiske tilfeldige avgjerder og fragmentert regional forvalting er problem kommunane har i havbruksforvaltinga.
Havbruksforvaltinga låg tidlegare i hendene til regionkontora til Fiskeridirektoratet, men etter forvaltingsreforma i 2010 blei ansvaret flytta til fylkeskommunane.
Tveterås meiner at kommunane verken har kompetanse eller ressursar til å gjere ein god jobb med tilrettelegging av areal for lakseoppdrettsnæringa. Det meiner Ole Haugen (Ap), ordførar i laksekommunen Hitra og leiar i Nettverk for fjord- og kystkommunar (NFKK), er tøv.
– Saksbehandlarar hos kommunane har både stor lokalkunnskap og er tett på næringa. Så det blir difor heilt feil å hevde at det er manglande kompetanse i kommunal forvalting og at ein dermed må avgrense rolla til kommunane i havbruksforvaltinga, seier Haugen.
I juli vil Nofima kome med ein rapport om havbruksforvaltinga i Noreg. (©NPK)

Publisert: 28.06.2016 14:03
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:45