NHO LO IKKE GJENBRUK FOTO NPK
ALLIANSE: Olje- og energiminister Terje Aasland (i midten) har inngått ein ny kraftallianse med LO og NHO. Onsdag møtte han LO-leiar Peggy Hessen Følsvik og NHO-leiar Ole Erik Almlid på sitt kontor. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK
Kort fortalt

Går i kraftallianse med LO og NHO

– Eit viktig steg mot å løyse kraftkrisa

18.01.2023

(NPK-NTB): Olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) allierer seg med LO-leiar Peggy Hessen Følsvik og NHO-leiar Ole Erik Almlid for å finne løysingar på kraftkrisa.

Onsdag hadde dei tre eit første møte på Aaslands kontor. Temaet var korleis partane kan jobbe saman om å løyse utfordringane i kraftsystemet i tida framover.

– Det aller viktigaste som vi må løyse framover, er behovet for å få på plass mykje meir fornybar energi. Vi må bruke energi meir effektivt og ikkje minst få på plass meir nett, seier Aasland.

– Eg er glad for at vi skal jobbe saman om dette i tida framover. Vi skal gå laus på arbeidet med stor iver. Vi veit at kraftbehovet vil auke mykje, understrekar olje- og energiministeren.

Ifølgje NHO vil Noreg trenge 57 TWh meir fram mot 2030. Det er om lag ein tredel av dagens forbruk.

– Det er maktpåliggjande å få konkretisert kva som må til for å få dette til, meiner LO-leiar Peggy Hessen Følsvik.

NHO-leiar Ole Erik Almlid oppmodar på si side kommunane om å inngå liknande typar samarbeid

– Vi kan lykkast med dette viss vi også gjer eit godt arbeid ute. Eg trur at det er mange kommunestyre som bør setje seg ned og vurdere moglegheitene for kraftproduksjon i kommunen sin, seier han.

(©NPK)

Publisert: 18.01.2023 11:39

Sist oppdatert: 18.01.2023 11:42

Mer om