(NPK-NTB): – Vi har ambisjonar om at sjømatnæringa i Noreg skal vekse. Eg har ikkje noko fasitsvar på kva som er godt nok i ein ny avtale med EU, men vi meiner i alle fall at det er potensial for at vi skal få til betre avtalar framover enn dei vi har hatt til no, seier Aspaker til Nationen.
Noreg forhandlar med EU om tollfrikvotar for fisk parallelt med at EU og Efta-landa Noreg, Island og Liechtenstein forhandlar om EØS-tilskotet til EU. Tollfrikvotane skal gjelde for den same femårsperioden som EØS-tilskotet.
Statssekretær Ingvild Stub (H) i Utanriksdepartementet har før sagt at det er ein føresetnad for ein ny avtale om EØS-tilskot at den norske sjømaten får god marknadstilgang.
Tollfrikvotane det skal forhandlast om, blir frå norsk side sett på som kompensasjon for dei frihandelsavtalane med enkeltland Noreg mista ved EU-utvidingane i 2004, 2007 og 2013. Noreg og EU-landa har gjennom EØS-avtalen fri handel for dei fleste varer, men ikkje for sjømat og landbruksprodukt. Som hovudregel blir det lagt toll på norsk sjømat som blir selt i EU-landa.
EU er ikkje einig i at Noreg skal ha kompensasjonskvotar for den auka tollen i dei nye EU-landa. Etter det avisa skriv, ligg det likevel truleg an til at EU går med på å gi tariffkvotar så sant Noreg viser samarbeidsvilje i forhandlingane om EØS-tilskotet. (©NPK)

Publisert: 27.01.2014 11:07
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:22