(NPK-NTB): Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) kuttar i inntektsskatten i neste års statsbudsjett.
– I denne regjeringsperioden har vi kutta inntektsskatten med ni milliardar kroner. Den profilen kjem vi til å forsterke, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum til E24.
Regjeringa foreslår i budsjettet, som blir lagt fram måndag, å setje opp personfrådraget frå 88.250 kroner til 108.550 kroner. Minstefrådraget på trygd og lønn blir samtidig senka til 92.000 kroner frå dagens 104.450 kroner.
Les også
Skattegrepet skal gi størst kutt til dei som tener minst. Folk med inntekt opp til 200.000 kroner skal ikkje betale skatt på avgift – berre trygdeavgift, som i år ligg på 7,8 prosent. Regjeringa reknar med at rundt 188.000 nordmenn får ein skattelette på inntil 3600 kroner.
– Her treffer vi dei som har minst, uavhengig av kva inntekta deira kjem frå. Men det bidreg også til at det er meir attraktivt å jobbe meir, for du sit igjen med meir av lønna di, seier leiar i finanskomiteen på Stortinget, Tuva Moflag (Ap).
Vekslinga i person- og minstefrådraget er ikkje det einaste skattegrepet i statsbudsjettet, men Vedum vil ikkje røpe meir før budsjettet blir lagt fram måndag.
(©NPK)
Publisert: 06.10.2024 18:37
Sist oppdatert: 06.10.2024 18:37