Fiskeriministeren sjølv varsla denne veka at regjeringa vil auke kompensasjonen til fiskarane for CO2-avgifta dei må betale for drivstoffet.
I forslaget til statsbudsjett, som kjem i morgon, måndag 7. oktober, set regjeringa av 500 millionar kroner til CO2-kompensasjonsordninga for fiske i nære farvatn. Dermed blir ordninga auka med 153,6 millionar kroner, tilsvarande auken i CO2-avgifta i 2024.
Fiskebåtreiarlaga med adresse på Nordvestlandet hadde tilsaman 9,2 milliardar kroner i inntekt i fjor, og då er ikkje dei aller minste selskapa rekna med.
Av budsjettelekkasjane som har kome hittil er auken i kompensasjonsordninga den relativt mest interessante for næringslivet på Nordvestlandet.
Men der er fleire lekkasjar. Her er ei oversikt over dei mest sentrale, henta frå fleire kjelder:
- Under trontaledebatten i Stortinget på onsdag, stadfesta Støre at regjeringa ønskjer å bruka 15 milliardar kroner meir på forsvar til neste år. Regjeringa har eit mål om å bruke to prosent av BNP på forsvar innan 2026. (NRK)
- Regjeringa lovar 3,8 milliardar kroner ekstra til sjukehusa i forslaget sitt til statsbudsjett for 2025. Målet er å kutte ventetidene med 10-14 dagar.(NPK/NTB)
- Regjeringa set av 10,8 milliardar kroner til drift og vedlikehald av riksvegane i budsjettforslaget sitt for 2025. Det er 1,1 milliardar kroner meir enn i år. (NPK/NTB)
- I eit dokumentet som Finansdepartementet la ut ved ein feil torsdag ettermiddag, står det at regjeringa legg til grunn inflasjon på tre prosent neste år. Statistisk Sentralbyrå spår 3,3 prosent, Norges Bank 3,2 prosent. Alle særavgiftene er i utgangspunktet oppjusterte med 3,0 prosent for å ta omsyn til forventa prisvekst, heiter i dokumentet. (NPK/NTB)
- Regjeringa set av 2,8 milliardar kroner meir til å få bukt med kriminaliteten. Av dette går 2,4 milliardar kroner til å styrkje politiet, noko som vil auke budsjettet med 10 prosent. 90 millionar kroner blir måleretta til å få bukt med økonomisk kriminalitet. (NPK/NTB)
- Er du busett i ei av 212 grisgrendte kommunar får du sletta studielån med 25.000 kroner i året.
- Straumstøtta til private blir vidareført.(Aftenposten)
- Frikortgrensa aukar frå 70.000 til 100.000 kroner. Det betyr at du kan tene inntil 100.000 kroner utan å betale skatt. (DNB/NRK)
- Pendlarfrådraget aukar. Øvre grense går opp frå 97.000 kroner til 100.880 kroner, og kilometersatsen blir auke frå 1,76 kroner til 1,83 kroner. Botnfrådraget går opp 300 kroner, til 15,250 kroner. (Fri Fagbevegelse). Fri Fagbevegelse fortel og at skattefri grense for inntekt ved utleige av fritidsbustad og utleige av bustad under 30 dagar aukar med 5000, til 15.000 kroner.
- Momskutt for avgift til vatn og avløp frå 25 til 15 prosent. Gir fire milliardar kroner i samla avgiftslette. (VG)
- Fleire offentlege gebyr blir kutta for tilsaman ein halv milliard kroner. (E24)
- 690 millionar kroner meir til jobbtiltak for å få fleire i jobb.
Publisert: 06.10.2024 05:00
Sist oppdatert: 07.10.2024 07:52