NPK-NTB: Regjeringa snur og utset planane om nye utdanningskrav innan bygg og anlegg. Reglene ville ha diskvalifisert fleire arbeidarar frå jobbane sine frå 1. juli.
Ifølgje Avisenes Nyheitsbyrå (ANB) kom beskjeden om heilomvending i eit møte mellom kommunalminister Jan Tore Sanner (H) og anleggsbransjen måndag ettermiddag.
– Dette er den beste julegåva arbeidsgivarane i anleggsbransjen i Distrikts-Noreg kunne ha fått. Mange entreprenørar har vurdert å selje maskinene og legge ned om dei ikkje hadde fått gjennomslag for å fortsetta, seier administrerande direktør Julie Brodtkorb i Maskinentreprenørenes Forbund (MEF) til nyheitsbyrået.
Dei foreslåtte reglane ville ha gjort at alle større jobbar i anleggsbransjen blei reservert firma med tilsette med teknisk fagskule eller ingeniørutdanning. Bransjen har stilt seg kritiske og påpeikt viktigheita av å anerkjenne praktisk erfaring, og er no blitt høyrt av kommunalministeren.
Han har no valt å utvide ei overgangsordning som blei vedtatt i fjor fram til 2020. I denne tida skal eit ekspertutval sjå på saka.
– Vi er fornøgde med at Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner har lytta til bekymringane frå næringa, og vi vil bidra til å finne robuste løysingar som får tillit i marknaden, seier administrerande direktør Jon Sandnes i Byggenæringens Landsforening i ei pressemelding.

Publisert: 05.12.2017 12:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:40