NPK-NTB-Steinar Schjetne: – Over 600.000 personar står i dag utanfor jobb og utdanning. Mange av dei vil jobbe, og vi må gi dei moglegheita. Folk treng å bruke evnene og kreftene sine i fellesskap med andre. Og fellesskapen treng dei, seier arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna (Ap).
Ho la fredag frå Arbeidsmarkedsmeldingen med tittelen «En forsterket arbeidslinje – flere i jobb og færre på trygd». Regjeringa har sett som mål å få 150.000 fleire ut i arbeid innan 2030.
Les pressemeldinga om meldinga her
Det er avgjerande for å kunne yte velferdstenester på dagens nivå også i framtida at fleire bidreg med den arbeidskrafta dei har – sjølv om dei ikkje har høve til å jobbe 100 prosent. Det gir fleire hender i arbeid og større skatteinntekter når andelen eldre aukar dramatisk i åra som kjem.
– Vi er spesielt bekymra over dei om lag 110.000 unge som er utanfor jobb og utdanning. Derfor kjem vi med heilt nye grep, som aldri har vore prøvd ut før, i tillegg til at vi vil gjere meir av det vi veit verkar, seier Brenna.
Meir lønnstilskot
Fleire av tiltaka regjeringa foreslår for å få fleire unge, trygda og uføre ut i arbeid – på heiltid eller deltid – inneber at arbeidsgivarane får dekt delar av kostnadene ved å tilsetje dei – først og fremst ved auka bruk av lønnstilskotsordninga. Den betyr at staten dekkjer ein del av lønna til dei nye arbeidstakarane:
* Etablere eit forsøk med fireårig lønnstilskot for utsette unge. Det vil bidra til auka føreseielegheit for arbeidsgivar og arbeidstakar, meiner Arbeids- og inkluderingsdepartementet.
* Forsøk med nytt, arbeidsretta ungdomsprogram, der unge får inntektssikring og der nedsett helsetilstand ikkje er eit inngangsvilkår.
* Forsøk i utvalde kommunar for å prøve ut korleis dei kan bruke lønnstilskot, både mellombels og varig, i større grad.
* Meir varig lønnstilskot som alternativ til uføretrygd.
Opnar for deltid
– Vi har alt å vinne på å få folk som står utanfor, inn i jobb. Det er bra for kvar enkelt, og det er nødvendig for samfunnet. Arbeid gir ei inntekt å leve av. Arbeid gir tilhøyrsel. Arbeid fremjar likestilling, integrering, reduserer ulikskap og motverkar fattigdom. Arbeid finansierer vår felles velferd, seier Brenna.
Brenna tek dessutan til orde for auka og utbreidd bruk av arbeidsmarknadstiltak for at fleire som står utanfor jobb, skal få kvalifisering. opplæring og tilrettelagt tilbod og hjelp til å komme i jobb.
Til liks med det finansminister Trygve Slagsvold Vedum sa då han la fram perspektivmeldinga nyleg, er ikkje regjeringa like fiendtleg innstilt til deltid – i dei tilfella der personar med utfordringar må velje mellom ikkje å jobbe i det heile og å utnytte den arbeidskapasiteten dei har til å jobbe litt.
Det er «viktig å erkjenne at et fleksibelt og inkluderende arbeidsliv må gi mulighet for tilpasset deltakelse for dem som trenger det, blant annet gjennom deltidsstillinger for personer med nedsatt arbeidsevne.», heiter det i meldinga.
Frp og Høgre kritiserer
Arbeidsmarknadsmeldinga er eit gedige mageplask frå Brenna, meiner arbeidspolitisk talsperson Dagfinn Olsen i Framstegspartiet. Snarare enn ei tøffare arbeidslinje, som Olsen meiner Brenna har varsla, seier han meldinga skaper «inflasjon i utredninger, vurderinger og kunnskapsinnhenting».
– Den nye retorikken frå arbeids- og inkluderingsministeren har berre vore eit spel for galleriet for få fleire stemmer. Det er svært urovekkjande i ei tid der det blir stadig fleire som står utanfor arbeidslivet, seier Olsen.
Høgre meiner det er bra at «regjeringen omsider etter tre år kommer med noe som adresserer at nesten 700 000 mennesker står utenfor arbeidslivet», men der stoppar også rosen.
– Førebels kan eg ikkje sjå at regjeringa tek dei heilt store grepa som trengst for at unge menneske ikkje blir parkerte på uføretrygd. Meldinga ser veldig byråkratisk ut og manglar viktige tiltak som Høgre mellom anna har foreslått – som å ha ein hovudregel om å ikkje uføretrygde dei under 30 og gjere ei større arbeidsreform i Nav, seier nestleiar og arbeidspolitisk talsperson Henrik Asheim.
LO støttar, Raudt skuffa
– No må vi sikre at både offentleg og privat sektor stiller opp med arbeidsplassar og at jobbane med lønnstilskot blir varige arbeidsplassar for arbeidstakaren, seier LO-leiar Peggy Hessen Følsvik.
Politikken Brenna teiknar opp, støttar LOs viktigaste mål: Full sysselsetjing. Det er heilt nødvendig «å ta alles ressurser i bruk», meiner Følsvik.
– Nokon treng meir hjelp og tilrettelegging frå fellesskapen, det gjeld særleg blant unge, seier Følsvik.
Raudt derimot, er skuffa over at regjeringa ikkje løkar beløpet uføre kan jobbe utan å få avkorting. Fribeløpet er på snautt 48.000 kroner. Tenar ein meir enn dette, blir uføretrygda redusert.
– I dag lønner det seg knapt å jobbe for mange som får uføretrygd, og eit høgare fribeløp vil derfor få fleire inn i jobb, seier stortingsrepresentant Mimir Kristjansson for Raudt.
Publisert: 06.09.2024 14:12
Sist oppdatert: 06.09.2024 14:12