Kort fortalt

Regjeringa vil ikkje rive Fosen-møllene

Olje- og energiministeren gjorde greie for saka i Stortinget.

13.03.2023

(NPK-NTB): Det er ikkje rettsleg grunnlag for verken å fjerne vindturbinane på Fosen eller nekte vidare drift inntil ein ny konsesjon er på plass, meiner regjeringa.

Det slo olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) fast då han måndag gjorde greie for den betente Fosen-saka for Stortinget.

Der viste han mellom anna til at reindrifta og Sametinget meiner dommen frå Høgsterett – som slår fast at konsesjonen som vart gitt til to vindkraftverk på Fosen, bryt med dei samiske rettane – ikkje kan lesast på annan måte enn at vindkraftverka må rivast.

– Vurderinga til departementet er at det ikkje er rettsleg grunnlag for ei slik tolking. Dommen betyr heller ikkje at konsesjonane til vindkraftverka på Storheia og Roan har falle bort. Inntil nye vedtak kjem på plass, blir vindkraftverka drivne i samsvar med dei opphavlege konsesjonane. Vindkraftselskapa gjer derfor ikkje noko ulovleg, sa Aasland.

Olje- og energidepartementet jobbar no på spreng for å gjere nye vedtak.

– Mellom anna treng departementet oppdatert kunnskap om den faktiske situasjonen på Fosen og moglegheitene for mildnande tiltak og effekten av desse før eit nytt vedtak blir fatta. Dette vil framleis ta noko tid, seier Aasland.

Han seier samtidig at han har forståing for situasjonen for reindriftssamane og lovar å vareta rettane deira.

– Situasjonen har vore krevjande for dei. Og han har vore uavklart. Eg forstår godt at dette har vore og er ein vanskeleg situasjon, seier Aasland.

(©NPK)

Publisert: 13.03.2023 14:39

Sist oppdatert: 14.03.2023 07:26

Mer om