(NPK-NTB): Tida er overmoden for å sjå nærare på likestillingsutfordringane til menn, meiner regjeringa, som set ned seks mål for likestilling mellom menn og kvinner.
Samtidig skal innsatsen for å stanse seksuell trakassering blir intensivert.
– Seksuell trakassering kostar for mykje for kvar enkelt og for samfunnet samla sett. Det kan ikkje sjåast uavhengig av andre likestillingsutfordringar i samfunnet, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery (Ap).
Regjeringa legg fram ei stortingsmelding om seksuell trakassering.
Den skal gi samanlikne omfanget av seksuell trakassering på tvers av samfunnsområde – i arbeidslivet, i utdanning og skule, kultur- og fritidsaktivitetar, idrett og frivilligheit, og på internett.
I stortingsmeldinga er det sett ned sju mål med tilhøyrande tiltak, mellom anna at arbeidsliv, skule, kultur, idrett og fritidsaktivitetar skal vere utan seksuell trakassering. Det er også eit mål å stanse digital trakassering.
– Kunnskap om kvifor og kvar seksuell trakassering skjer, er avgjerande for å kunne utvikle ein treffsikker politikk, heiter det i stortingsmeldinga.
Kvinner er særleg utsette for seksuell trakassering, seier Jaffery.
– I tillegg er unge, skeive, personar med funksjonsnedsetjingar og personar som tilhøyrer ein etnisk minoritet meir utsette enn befolkninga generelt. Dette gjeld spesielt kvinner, men også skeive menn er særleg utsette, seier ho.
Likestilling mellom kvinner og menn
Regjeringa legg også fram ein strategi for likestilling mellom menn og kvinner med seks hovudmål:
- Økonomisk sjølvstende og eit likestilt arbeidsliv
- Færre kjønnsdelte utdanningsval
- Eit samfunn utan vald, valdtekt, seksuell trakassering og netthets
- Fridom frå negativ sosial kontroll og æresrelatert vald
- Betre helse for kvinner og menn
- Eit godt verkemiddelapparat for likestilling.
– Eit viktig nybrotsarbeid presentert i strategien er utviklinga av indikatorar for å måle årleg utvikling på dei seks sentrale måla. Indikatorane forpliktar dermed regjeringa til handling, heiter det i rapporten.
Det skal setjast inn tiltak ved behov.
Vidare står det at tida er overmoden for å sjå nærare på særlege likestillingsutfordringar for menn.
– Vi vil løfte debatten om likestillinga for gutar og menn, skriv regjeringa.
(©NPK)
Publisert: 09.12.2024 10:05
Sist oppdatert: 09.12.2024 10:05