Kort fortalt

Reinhaldsbransjen under lupa

Arbeidstilsynet med storaksjon.

NPK
13.03.2023

Arbeidstilsynet skal no ut og kontrollere reinhaldsbransjen – ein bransje som over tid har vore prega av mellom anna manglande overtidsbetaling, høgt arbeidspress og lite oppfølging frå næraste leiar.

Tilsyna vil bli gjennomførte over heile landet.

– Alle reinhaldsverksemder må no vere førebudde på å få besøk frå oss, seier Trude Vollheim, direktør i Arbeidstilsynet, i ei pressemelding.

Reinhaldsbransjen slår ut på fleire av sårbarheitskriteria for utnytting i arbeidslivet: mange tilsette med utanlandsk bakgrunn, få krav til utdanning, fysisk belastande arbeid og ein del ukomfortable arbeidstider.

– Utanlandske arbeidstakarar er som regel meir sårbare for utnytting. Det er ofte språkbarrierar som skaper utfordringar og dei kan ha mindre kunnskap om både rettar og plikter i arbeidslivet, seier Vollheim.

– Derfor skal vi no gjennomføre ein innsats der vi mellom anna gjennom tilsyn skal undersøkje om arbeidstakarar får allmenngjort lønn og vi skal følgje opp godkjenningsordninga for reinhald, seier Vollheim.

Reinhaldsbransjen er ein allmenngjort bransje. Det betyr at tilsette i reinhaldsverksemder har krav på minstelønn. Minstelønn er fastsett mellom anna for å sikre like lønnsvilkår for alle tilsette i ein bransje der tilsette kan vere sårbare for å bli utnytta, og gjeld uavhengig av om arbeidstakar er norsk eller utanlandsk.

I 2012 vart det òg innført ei godkjenningsordning for reinhaldsverksemder og det er både forbode å drive utan godkjenning og å kjøpe reinhaldstenester frå reinhaldsverksemd som ikkje er godkjend.

Godkjende reinhaldsverksemder er registrerte i reinhaldsregisteret på arbeidstilsynet.no.

Publisert: 13.03.2023 09:27

Sist oppdatert: 13.03.2023 09:28

Mer om