(NPK): Riksveg 52 over Hemsedalsfjellet er den viktigaste vegen mellom aust og vest for reiselivet i Sogn og Fjordane og på Sunnmøre.
Det slår reiselivet sjølv fast i ei fråsegn om valet av andre hovudvegsamband mellom aust- og vestlandet, fortel .
Regjeringa avgjorde i fjor at den nye E134 over Haukelifjell skal vere den sørlege stamvegen, men politikarane stridast stadig om riksveg 52 eller riksveg 7 over Hardangervidda skal bli den nordlege.
Visit FjordKysten og Destinasjon Ålesund & Sunnmøre er blant dei som står bak fråsegna som tek til orde for riksveg 52. (©NPK)

Publisert: 12.12.2016 14:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43